Skarveland skule

Tlf. 53 46 12 15/16(rektor)
Tlf.53 46 12 17/18(lærar/ass)
Tlf.53 46 12 19 (SFO)


Adresse:
Sandvollvegen
5452 Sandvoll


Postadresse:
Postboks 134
5451 Valen

e-post:
skarveland.skule@
kvinnherad.kommune.no


Leiar:
Toril Tjelmeland
toril.tjelmeland@
kvinnherad.kommune.no


Skarveland skule er ein firedelt
barneskule med 47 elevar.
Ved skulen arbeider rektor, seks
lærarar og to assistentar. 




 

SFO på skulen

Tlf. 53 46 12 19

Dagleg leiar:
Elisabeth Blokkum

Leksika på nett

Caplex
Dette er eit greit oppslagsverk 
Wikipedia
Godt nynorsk leksikon på internett 
RSS

It's learning

Læringsplattforma til Grunnskulen i Kvinnherad er:
 
 
 

Eksterne dokument


www.utdanning.no

NYHENDE

003.JPG

Dansens dagar

Elevane på sjette og sjuande trinnet inviterte alle elevane til ei felles danseøkt i gymnastikksalen tysdag ettermiddag. På førehand hadde dei øvd inn bevegelsar til årets dans til "dansens dag". Melodi og instruksjon hadde dei henta ned frå video som vert lagt ut på "you tube". Dei inviterte gjestene kunne vel ikkje heilt måla seg opp mot elevane på scenen. Dei eldste elevane hadde både rytme og steg godt innøvd. Dei yngre elevane hang likevel godt med.
Les meir »   01.05.2013

Verksemdsleiarjobben ved Skarveland skule er utlyst

Etter mange år som leiar ved Skarveland skule ynskjer noverande verksemdsleiar å trekkja seg frå stillinga med verknad frå 01.08.2013. Kvinnherad kommune lyser difor i desse dagar ut verksemdsleiarjobben ved skulen. Søknadsfrist er 3.mai 2013
20.04.2013

isCA46FRDO.jpg

God påskeferie!

Me har lagt bak oss nokre flotte vintermånader og ser fram til ein pust i bakken, bokstaveleg tala. Påsken er tida då dei fleste seier farvel til vinter og snø, aking og skigåing. Me har nytta godveret etter jul til litt aktivitet i akebakken og på isen. Elles har elevane vore flinke til å aktivisera seg sjølve på skuleområdet i godveret. Det håpar me dei held fram med i påska. Ha ein aktiv ferie i snøen, på sjøen eller på bar bakke!
22.03.2013

023.JPG

Påskegudsteneste

Torsdag 21.mars var elevane samla til påskegudsteneste i gymnastikksalen. Sokneprest Kristian With Due var ansvarleg for gudstenesta og Jan Ove Fagerheim var pianist. Elevane på skulen hjelpte til med tekstlesing, musikkinnslag og song. Heile elevflokken deltok og song påskesalmar med god røyst og dei fleste var lydhøyre og lytta til presten sin påskebodskap.
22.03.2013

Smartare enegi og smarte elevar

Elevane i 6.og 7.klasse fekk sist veke prøva seg som forskarar og finna løysingar på energisparing t.d slik at ein familie kan spara både pengar og miljø. Dei tre gruppene som var i sving hadde laga kreative løysingar for energisparing i hus, og ei gruppe hadde tenkt heilt nytt ved å konstruera ein bil som skulle produsera energi til eige framdrift. Gruppa med namn "Sensorane" vart plukka ut som vinnarar og dermed får dei reisa til Vil vite-senteret i Bergen og delta i fylkesfinalen. Arrangørar for Smartere energi er Ungt Entreprenørskap Hordaland.
Les meir »   13.03.2013

is[1].jpg

Skarveland skule lever vidare!

Kommunestyret valde i dag, 21.februar, å leggja ned Ølve skule frå hausten 2013, medan skulen vår får halda fram enno ei tid. Mange pustar letta ut. Men no skal det på ny lagast ei utgreiing, denne gongen om barneskulane i ytre luten skal samlast i ein skule på Husnes eller om skulen vår skal overførast til Valen.
Les meir »   21.02.2013

012.JPG

Matematikkdag

På matematikkdagen i år fekk elevane bryna seg på oppgåver knytta til måling, posisjons-system med tal og geometriske figurar. Fleire av oppgåvene gav og utfordringar til gode samarbeidsevne. Kanskje nokre av dei yngste lærte noko nytt om kva omkrins er, og korleis dei kan finna den ved hjelp av ein taustump?
Les meir »   12.02.2013

Ope møte om skulestruktur

Utdanningsforbundet i Kvinnherad arrangerer ope møte om strukturendringar i Husnes ungdomsskulekrins tysdag 5.februar kl.18.00 i Kulturhuset Husnes (festsalen) Dette vert eit møte med klubbane og politiske parti, men vert ope for alle med høve for deltaking i debatten. Alle som har tid og interesse i skulestruktursaka bør koma på møtet!
29.01.2013

035.JPG

Strålande dag på isen

Dette er ein av dei finaste dagane me har hatt saman med elevane når me har vore å skeisa på Erslandsvatnet. Elevane møtte med flott utstyr og sjølv om fleire var på isen for fyrste gong, svinga dei seg leikande på isen. Sola varma og i vindstilla kosa me oss ute mest heile dagen. Ingen klager og krangel var å høyra og her var berre blide andlet og godt humør. Slike dagar er det godt å vera både elev og lærar.
18.01.2013

m1.jpg

Tinging av mjølk

Frå veke 5 må dei som vil kjøpa mjølk og yoghurt for våren 2013 bestilla på ny. Gå inn på www.skolemelk.no om du ynskjer å kjøpa mjølk på skulen. Mange av elevane har alt ordna tinging, så dette er berre ei påminning til andre som vil ha varene.
Les meir »   14.01.2013

RSS

Søk

HUSTAVLE

Ting & tang

002.JPG

Attgløymd kjelke?

Det står ein einsleg kjelke på skulen og ventar på eigaren skal henta køyredoningen. Kanskje eigaren treng han i påska?
22.03.2013

Gamle bøker

Me har gamle bøker frå biblioteket som er makulerte. Er du ein samlar eller likar du å lesa, kan du få bøker av oss. Ta kontakt om du er interessert.
13.03.2013

RSS

Abonner på nyhende

Di E-post-adresse: